Om hjarteskriblaren

"Har du eit eksponeringsbehov?" spør journalisten som heiter Frode, og smilar lurt til meg frå den andre sida av bordet. Så hadde altså Hjarteskriblaren sagt ja til å stilla opp i den lokale avisa for å få nettopp slike spørsmål. Berre det betyr vel gjerne at eg har eit slikt eit eksponeringsbehov. "Ja, eg har vel det, men ikkje noko meir enn andre" seier eg.

Han fekk nok eit anna inntrykk av meg då han møtte meg, den skalla jounalisten som heiter Frode, enn det han hadde fått gjennom bloggen. Og det kan eg godt forstå. Den ironiske tullete sida av meg som berre kjem fram på bloggen innimellom, er meg slik eg faktisk er, medan hjarteskriblarens hjartesukk er det ytterst få som får oppleva live. Ho heldt nemleg til bak lukka dører dansande til Madrugada, barføtt på eit kaldt soveromsgolv. Og slik skal det vera. Det er nettopp slik eg vil at det skal vera.

Eg er no atten år, noko som eigentleg i teorien tilsei at eg er vaksen. Vel, eg kan skriva under på, at vaksen er eg langt ifrå. Men det er kanskje ein god ting. 

Eg reknar med at de har fått med dykk at namnet mitt er Ida Marie, om ikkje, så heiter eg altså Ida Marie. 

Ingen brukar navnet mitt. Ikkje mamma, ikkje pappa, ikkje søss, ikkje lærarane, ikkje venene mine. Ingen. Det næraste eg kjem er fettern min som dei få gongane eg ser han kallar meg Ida Marida. Eg trur ikkje eg hadde reagert eingong om nokon hadde ropt etter Ida Marie. Ivar deriomt, då reagerar eg. Ina, Ivar, Iben, Helen, og til og med Gert reagerar eg på, men ikkje Ida Marie. Det er liksom ikkje meg det. Eg er Ida... (eller Gert...?), og nok med det. 

De lurar kanskje på kva eg driv med om dagane. Vel, musikk er stort sett det eg gjer, og kanskje til og med det eg er. Eg spelar kornett på tiande året, gitar på femte, og skreke har eg gjort heile livet. Det tek mykje tid slike ting, men eg har valgt det heilt sjølv, og eg likar det best slik. Det var ei tid så eg trudde det fanst andre ting for meg der ute. Eg prøvde meg nemleg ei stund som friidrettsutøvar. Resultatet blei mykje unødvendig sand i trusa og betennelse i hoftekula som aldri har gått bort. Det var tider det!

Ellers drikk eg unaturleg mykje mjølk. Eg skuldar på far min som sa til meg då eg var lita  at eg drakk så mykje mjølk at det kom til å spruta utor øyrene på meg. Eg var ein liten råtass av ein nyskjerrigper, og med det dobla mjølkeintaket seg fort. Lite har endra seg sidan den gong. Eller.. kanskje sånn eg ser ut...
Eg såg ut som ein gut når eg var lita.."sååå søt litlebror du har Belinda".. skjønar ikkje korleis dei kan ha sett at eg likna på ein gut eingong.. eg hadde jo alltid eit mjølkeglas framfor fjeset eller trynet i salaten.

...eg ser sånn der ut no, når eg ikkje har fjeset stappa i matskåla. Ganske sløv igrun.. Eg går siste året på vidaregåande, linja er media og kommunikasjon. Eg var fast bestemt på det då eg gjekk ut av 10.klasse, at eg sku bli journalist! Akkurat som han som spurde meg om eg hadde eit eksponeringsbehov. No trur eg ikkje at eg blir journalist. Eg trur ingenting lengre, berre at eg muligens har eit eksponeringsbehov.